tirsdag 9. april 2013

Gjesteinnlegg: Korfor bør sør-trøndersk ungdom vera mot EU?


Sør-Trøndelag har ein lang og stolt tradisjon for EU-motstand, og vi har heile tida vore blant nei-sidas
bastionar. Mykje av det kan nok tilskrivast at vi er eit sterkt jordbruksfylke, og bøndene har heile tida vore blant dei som har hatt mest å tape på EU-medlemskap. Norsk medlemskap i EU vil rive grunnen totalt bort under det norske jordbruket, ved å gjera dagens subsidienivå ulovleg, fjerne alt av tollgrenser og fjerne reguleringar. Dagens politikk tar omsyn til at prisnivået i Noreg er mykje høgare, og løningane våre er mykje høgare, enn dei er i for eksempel Latvia. Med desse verkemidla gjer vi det muleg å vera bonde i Noreg. Utan dei er det nesten berre å gi opp med ein gong.

Generelt har vi tre hovudgrunnar til å vera mot EU-medlemskap: den første er folkestyre, i EU er fri flyt viktigare enn fritt demokrati, og dei har grunnlovsfesta ein gitt politisk retning – marknadsliberalisme. Vil eit medlemsland ha ein annan politikk, vel, synd, det får dei ikkje lov til. Ikkje særleg demokratisk.

Den andre er miljø. EU har fri flyt av alt, som fører til ei heftig transportauke. Det er dessutan eit system som baserer seg på økonomisk vekst herifrå til æva – eit openbart miljøproblem. Når pengar og profitt konstant er viktigare enn miljø, kan ikkje EU bli ein del av løysinga på klimaproblema, men heller ein del av sjølve problemet.

Den tredje er solidaritet. I Spania er kvar fjerde person arbeidsledig, i landa som har innført euro er arbeidsløysa rekordhøg og krisa i Europa plagar vanlege grekarar, spanjolar og irar kvar einaste dag. Krisa er resultatet av EUs menneskefiendtlege politikk, som sett EU-systemet framfor sine eigne innbyggjarar. Resultatet er arbeidsløyse, høgreekstremisme, kutt og elende.

«Fra Stange er det langt til Brüssel», heitar det i eit godt, gamalt nei-slagord. Frå Trondheim er det enda lengre. Avgjersler om kva som skal skje i norske bygder blir tatt av tyske og franske byråkratar, utan at vi har noko folkeleg påverknad på det. 73% av politikken i norske kommunar blir påverka av EØS-avtalen – EU-light versjonen vi har i dag – og alle dei viktigaste avgjerslene blir tatt av ikkje-folkevalde dresskledde mannfolk.

Dermed blir politikken derifrå lite basert på kvardagen i utkant-Noreg, lite basert på den røynda vi lever i. Særleg tydeleg ser vi det på anbodsreglane, som seier at alt av busstrafikk skal setjast ut på anbod. Som om det er så mykje pengar å tene på å køyre buss i Roan? Vi ser det også på post-fronten: med EUs tredje postdirektiv ville det kosta mykje meir å sende eit brev frå Osen til Røros enn frå Oslo til Oslo. Lista over tilsvarande kjip overstyring er lang og stygg, og i seg sjølv ein god grunn til å vera mot EU.

Eg er glad for at Sosialistisk Ungdom står krystallklart på vår side, neisida, i denne kampen, og er takknemleg for den støtten vi har fått frå dei opp gjennom. SU er saman med mange andre organisasjonar ein viktig del av den breie neisida, kor vi har vist at samhald gir styrke og siger. Neisida har alltid vore brei og fragmentert, forskjellige organisasjonar og personar på neisida har kvar sine argument for å vera mot, men det som samlar oss er ein motvilje mot å gi EU styringsretten over Noreg og mot norsk medlemskap i EU.

Men SU har også vore ein viktig alliert for Ungdom mot EU i kampen mot dei forskjellige kjipe direktiva som kontinuerleg kjem frå EU. Dei siste åra kan vi nemne vikarbyrådirektivet (som pålegg Noreg å opne for vikarbyrå), datalagringsdirektivet (som vil gjera slutt på prinsippet om at ein er «uskyldig inntil det motsette er prova» og overvake alle) og postdirektivet som viktige direktiv vi saman har kjempa mot.

No står kampen om helsevesenet (med helsedirektivet) og jernbanen (med EUs jernbanepakke fire), der EU vil tvinge oss til å opne for private sjukehus og til å konkurranseutsetje all jernbane. Noreg har sagt nei til skadeleg politikk før, vi gjorde det på ein flott måte da vi sa nei til postdirektivet. Det er på tide å gjera det igjen, og vinne kampen for nasjonal styring over både helsevesen og jernbane. Det klarer ikkje Ungdom mot EU å gjera aleine, tvert om treng vi sterk støtte frå både SU og resten av nei-rørsla – men saman kan vi vinne igjen!






Mads Opheim,
leiar i Ungdom mot EU

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar