søndag 8. september 2013

Gjesteinnlegg: Nynorsk er demokrati!

Det er veldig mange som synast at nynorsken bør vi verte kvitt med. I alle fall på skulen. Det finst til og med eit parti som har det å fjerne nynorsken som sitt formål. Men nynorsken er ein viktig del av det å vera norsk, og å vera ein demokrat.

For vel 120 år sia vart landsmaalet – det som no kallast for nynorsk – offentleg teke i bruk. Det var eit skriftspråk som var meint å vera forståeleg for alle nordmenn, og basert på dialektane deira. For fyrste gong sia Kalmarunionen i 1327 fekk nordmenn skrive på norsk i skular og administrasjonen! Det skulle vera fritt å bruke begge målformene, men i skulene måtte ein halde seg til den eine forma som hovudmålet, og andre som sidemålet.


Og det er framleis slik. No byrjar sidemålundervisninga på 8. trinn, og frå det kan elevane sjølv velje kva målform dei skal bruke som hovudmålet sitt. Men det er nokre som vil endre på det.
Det kjem haust. Blada fell av trea, graset vert brunt, det byrjar å blive kaldt om morgonen. Alt dette er teikn på at vi nærmar oss valet, og i år vert det Stortingsval. For bokmålsskrivande kan dette valet handla om kor mange karakterar skal dei ha i norsk neste år; for nynorskskrivande– om framtidige generasjonar på Austlandet skal skjøne skriftspråket vårt og talemåten vår.
No er det fritt å velje mellom nynorsk og bokmål, fordi elevane har noko å velje mellom. Nokre parti derimot – med Høgre og FrP fyrst i rekkja – føreslær å gjera sidemålundervisninga frivillig heilt frå 8. trinn – altså frå då sidemålundervisninga byrjar. Dei kallar det for «valgfrihet». Men er det faktisk ein valfridom?

Lat oss sjå på det litt nærare. Systera mi har nett no byrja i 8. trinn. Før eg tok nynorsk i bruk, hadde ho aldri sett ein tekst skriven på det språket. Synest de at ho skal velje sidemålundervisninga medviten? Og ho er berre éin av dei 80 ungdommane som byrjar på lokale ungdomsskulen vår i år. Trur de at dei 79 andre ungane har nokosinne prøvd å lese ein lang tekst skriven på nynorsk? Og ifylgje Høgre sine meiningar, dei skal velje mellom eit mål som dei har brukt i minst 7 år, eller eit mål som dei har aldri høyrt om… Og det kallar høgrefløya for fridommen!
Fordi det er det demokratiet handlar om – medvit. Når vi skal røyste for eller mot noko, først finn vi ut kva det er. Etterpå: kva alternativ er betre. Fyrst då kan vi seie at vi røysta medvitne.
Eg meiner at om vi er svake på noko, bør vi gjere alt for å bli betre på det – ikkje stryke det bort. Og det er betre måtar å bli kvitt med ting de ikkje likar – som til dømes å kalle ting for kva dei eigentleg heiter.

Eg har òg eit forslag til Høgre, forbunde med politikken deira. Snart skal over 3 millionar nordmenn gå til val. Slutt, kjære Høgre, å prate til dei om kva de står for, og lat oss kalle det for «fritt Stortingsvalg». Då får vi sjå kva parti skal vinne.
Godt val!

Michal Jan Warecki
Styremedlem i Fosen SU

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar